[Oslo.pm] FSCONS gir rabatt for dataforeiningar

Stian Rødven Eide stian at fsfeurope.org
Ons 13. Aug 2008 02:25:30 PDT


Hei,

FSCONS 2008 finn stad 24-26 oktober ved IT-Universitetet i Gøteborg, og
i samband med denne har vi beslutta å tilby 10% rabatt til medlem av
dataforeiningar i Norden. Vi undrar dermed på om de kunne tenkje dykk å
meddele dette til medlemma dykkar, samt om de er interessert i å få
tilsendt plakatar i A3-storleik.

FSCONS er ein konferanse organisert av Free Software Foundation Europe,
Creative Commons og Wikimedia Foundation med mål om å fremje digital
fridom i samfunnet, og rettar seg først og fremst mot dei nordiske
landa. Det fulle namnet er Free Society Conference and Nordic Summit.

Vi forventar kring 400 gjestar. Ei liste over bekrefta talarar og
evenemang kan de finne her: http://fscons.org/events/

med venleg helsing,
Stian Rødven Eide
Co-coordinator FSCONS
stian at fsfeurope.org
+46 (0)73 22 30 176



Mer informasjon om epostlisten Oslo.